Du er nå inne på tidligere NILFs nettsted som er en del av www.nibio.no. 1. juli 2015 ble Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) opprettet som en fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Kraftig prisfall på kjøt på verdsmarknaden i desember

Tips en venn Skriv ut

09.01.2015

 

MATRÅVARER
Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 8,5 prosent ifølgje IMF. Dette har skjedd trass i sterk prisauke på kjøt (17,3 %). Ei av årsakene er prisreduksjon på sjømat (22,3 %). Figur 1 viser endringar dei siste 12 månadane for ulike varegrupper.
 

Figur 1. Prisutviklinga på internasjonale matråvarer frå desember 2013 til desember 2014. Kjelde: IMF (2015)


Kornvarer
Prisindeksen på kornvarer auka med 1,9 prosent på verdsmarknaden i desember. Det var prisen på bygg som auka mest med 4,3 prosent. Vidare auka prisen på kveite med 4,2 prosent, medan prisen på ris fall med 1,9  prosent. Prisen for mais blei uendra denne månaden. Ifølgje FAO skyldast prisauken på kveite forventningar om lågare eksport frå Russland. Samtidig medfører ei generell styrking av dollaren og svak handelsaktivitet til å redusere prisveksten.
 

Dei siste 12 månadane har prisane på kornvarer samla gått ned med 9,0 prosent. Dette er ikkje overraskande ettersom kornsesongen i 2012/2013 var prega av tørke med påfølgjande høge prisar på alle kornvarer. Om ein ser på dei enkelte kornvarene, har prisen på bygg gått ned med 18,9 prosent, mais 9,5 prosent, kveite 7,5 prosent og ris 8,2 prosent (sjå figur 2).

Figur 2. Prisutviklinga på internasjonale kornvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. desember 2014. Kjelde: IMF (2015)


Vegetabilske oljer/protein
I desember fall prisindeksen på vegetabilske oljer/protein med 0,8 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for palmeolje, der prisen fall med 5,7 prosent. Prisen på for rapsolje og soyabønner fall med 2,1 prosent og 0,1 prosent, medan prisen på olivenolje auka med 4,6 prosent. I følgje FAO skuldast prisfallet på palmeolje redusert etterspørsel etter biodrivstoff som følgje av lågare oljepris.
 

Dei siste 12 månadane har prisindeksen for vegetabilske oljer/protein gått ned med 14,7 prosent. Årsaka er ein prisnedgang på soyabønner med 22,5 prosent, palmeolje med 21,5 prosent og rapsolje med 19,7 prosent. Prisen på olivenolje steig med 24,0 prosent i same periode (sjå figur 3).

Figur 3. Prisutviklinga på internasjonale vegetabilske råvarer og matråvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. desember 2014. Kjelde: IMF (2015)

 


Animalske råvarer
I desember fall prisindeksen på kjøt med 5,0 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for storfekjøt, der prisen fall med 7,9 prosent. Vidare fall prisen på svinekjøt med 3,9 prosent, medan prisen på lammekjøt og kyllingkjøt fall med 1,1 og 0,1 prosent. I følgje FAO skuldast fallet i kjøtprisane ein sterk dollar og auka eksportmoglegheiter.


Dei siste 12 månadane har prisen på kjøt auka med 17,3 prosent. Storfekjøt har hatt sterkast prisauke på 29,5 prosent, og prisen har dei siste månadane vore på eit historisk høgt nivå. Dei høge prisane på storfekjøt skuldast mellom anna redusert eksport frå Australia til Asia, kombinert med høg etterspørsel frå Asia. Prisen på lammekjøt, svinekjøt og kyllingkjøt har auka med 7,0 prosent, 5,4 prosent og 9,1 prosent i same periode. Sidan 2005 er det lammekjøt som har hatt klart svakast prisutvikling (sjå figur 4).

Figur 4. Prisutviklinga på internasjonale animalske råvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. desember 2014. Kjelde: IMF (2015)

 


Andre matråvarer
I desember gjekk prisen på sukker ned med 4,5 prosent. Dei siste 12 månadane har prisen på sukker gått ned med 7,4 prosent. Prisen på amerikansk sukker (sjå figur 5) auka med 0,8 prosent den siste månaden. Frå november i fjor har prisen på amerikansk sukker auka med 19,6 prosent.
Prisen på laks auka med 6,9 prosent i desember. Samanlikna med desember 2013, låg lakseprisane om lag 22,2 prosent lågare. Trass svakare prisutvikling, ligg prisnivået på laks framleis høgt samanlikna med same periode i 2012.


I desember auka prisen på appelsinar ned med 7,2 prosent. Samanlikna med desember i fjor, har prisen auka med 4,0 prosent. Prisen på bananar auka med 0,4 prosent i desember, medan prisen har gått ned med 1,9 prosent det siste året.

Figur 5. Prisutviklinga på internasjonale «andre matråvarer» f.o.m. juli 2005 t.o.m. desember 2014. Kjelde: IMF (2015)

 

GJØDSELSPRISAR
Gjødsel er ein viktig innsatsfaktor i produksjonen av dei fleste landbruksprodukt, særleg kornvarer og oljefrø. Verdsbanken har månadlege, internasjonale gjennomsnittsprisar for ulike gjødselslag. Figur 6 viser prisutviklinga for fosfatstein, diammoniumsfosfat (DAP), urea og kaliumklorid. Frå november til desember auka prisen på DAP og urea med 1,5 prosent og 0,4 prosent. Prisen på kaliumklorid og fosfatstein blei uendra.


Dei siste 12 månadane har prisen på kaliumklorid og urea gått ned med 8,0 prosent og 5,4 prosent. Prisen på DAP og fosfatstein har auka med 24,2 prosent og 13,9 prosent i same periode. Verdsbanken forventar lågare gjødselprisar dei to neste åra. Dei grunngir forventingane med investeringar i nye gjødselfabrikkar i USA som følgje av låge prisar på gass.

Figur 6. Utviklinga i internasjonale gjødselprisar f.o.m. juli 2005 t.o.m. desember 2014. Kjelde: Verdsbanken (2015)

 

VALUTA
Tal og figurar som er viste ovanfor, er baserte på indeksar utrekna i amerikanske dollar. Den norske krona har sidan 1998 styrkt seg mot den amerikanske dollaren. Til dømes måtte ein i 1998 betale 7,55 NOK for ein dollar medan ein i desember 2014 måtte betale 7,27 NOK for ein dollar. Samtidig viser figur 7 at den norske krona har svekka seg kraftig mot den amerikanske dollaren siste halvår 2014.


Prisindeksane frå IMF er baserte på prisutvikling på handelsvarer (import og eksport) og ikkje pris til forbrukar. Korrigeringar i prisar bakover i tid kan førekoma.
 

Aktuelle linkar:
• Aukande usikkerheit omkring internasjonale prisar på jordbruksråvarer. NILF notat 2009-13 
• IMFs oversikt over råvarepriser
• Globalt marked med nasjonale særpreg. Utredning om konkurransen i de nordiske mineralgjødselmarkedene. NILF rapport 2010-1
 

Les og meir om matprisar


For meir detaljerte opplysningar, kontakt Stine Evensen Sørbye.


Publisert 09.01.2015

 

NILF i media