Aktuelle tema
Internasjonale råvarepriser gjekk ned med 2,7 prosent i mai
Tips en venn Skriv utIndeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) gjekk ned med 2,7 prosent i mai. Prisen fell for dei aller fleste matråvarene som vert registrert hos IMF. Rekna i norske kroner er indeksen uendra på grunn av styrka dollar i forhold til den norske krona.

Vegetabilske råvarer
Kornprisane gjekk samla sett opp med 0,36 prosent i mai. Dette skuldast at prisen på ris gjekk opp med 4,3 prosent. Prisen på dei resterande kornslaga gjekk ned med mellom 0,1 og 2,0 prosent, der maisprisen medverka til størst nedgang.
Prisane på alle råvarer innan kategorien oljefrø, oljer og proteinråvarer gjekk ned i mai, med unntak av prisen på soyabønnemel. Prisen på soyaolje og palmeolje gjekk ned med høvesvis. 8,0 prosent og 10,9 prosent. For peanøtter fell prisen med 23,3 prosent, medan endringane var mindre dramatiske for dei andre slaga innan denne kategorien. Sukkerprisindeksen fell med 5,1 prosent.


Animalske råvarer
Prisen på kjøtråvarer gjekk samla sett ned med 3,2 prosent i mai 2012, og følgjer såleis prisutviklinga frå førre månad. Lam hadde ein prisnedgang på 10,3 prosent, medan storfekjøt og svin hadde en prisnedgang på høvesvis 2,5 og 0,9 prosent. Prisen på fjørfekjøt auka med 0,9 prosent.

Gjødselpriser
Verdsbanken har månadlege internasjonale snittpriser for ulike gjødselslag. I figur 4 visast prisutviklinga for fosfatsten, diammoniumsfosfat, urea og kaliumklorid frå juni 2005 og frem til i dag.
Samla sett gjekk gjødselprisane i mai opp med 1,6 prosent.

Den norske krona svekka seg i forhold til amerikanske dollar i mai. Dette førde til at prisindeksen for internasjonale matråvarer gjekk opp med 0,1 prosent rekna i norske kroner. Samanhengen mellom IMFs prisindeks i USD, i NOK og valutakursen kjem fram i figur 5.

Prisindeksane frå IMF er basert på prisutvikling på handelsvarer (import og eksport), og ikkje pris til forbruker. IMF korrigerer priser bakover i tid.
Aktuelle linkar:
- Aukande usikkerheit omkring internasjonale prisar på jordbruksråvarer. NILF notat 2009-13
- IMFs oversikt over råvarepriser
- FAO nettside «World Food Situation» med artiklar om matvaresituasjonen i verda
- Globalt marked med nasjonale særpreg. Utredning om konkurransen i de nordiske mineralgjødselmarkedene. NILF rapport 2010-1
Les og meir om matpriser.
For meir detaljerte opplysningar, kontakt Ellen Henrikke Aalerud
Publisert 14.06.2012
