Foto: stock.xchng
Aktuelle tema
Kornavlinga i 2010 kan delvis forklare gode driftsoverskott for bøndene på Austlandet
Tips en venn Skriv utEin oversikt over økonomien i jordbruket på Austlandet i 2010 viser at overskotet frå jordbruk, skogbruk, andre næringar og lønnsinntekta aukar, medan overskotet frå tilleggsnæring sank svakt.

Driftsoverskotet frå eit gjennomsnittleg gardsbruk på Austlandet auka i 2010 med kr 48 900 frå året før. Ved å trekkje ifrå jordbrukets del av renteutgiftene frå driftsoverskotet og leggje til kostnadane for leigd arbeid, får ein vederlag for alt arbeid og eigenkapital. Dette vederlaget har auka med 38 100 kroner per årsverk.
I snitt for alle bruka viser produksjonsinntekta i jordbruket ein auke på kr 100 700 (9%) i 2010, medan dei variable kostnadane auka med kr 4 700 (1%). Dei faste kostnadane auka med kr 47 200 (10%).
Les heile Notat 2012-10 Økonomien i jordbruket på Østlandet (pdf)
For meir detaljerte opplysingar, kontakt Terje Haug
Se også oversikt over andre forsidesaker
Publisert: 18.06.2012
