Aktuelle tema
Svak auke i internasjonale matråvarepriser i april
Tips en venn Skriv ut| Del på Facebook | Tweet |
Indeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) gjekk opp med 0,6 prosent i april. Det var blant anna stor prisoppgang for soyabønner og soyabønnemel, medan det for sukker og kjøt var ein gjennomsnittleg prisnedgang i april.

Vegetabilske råvarer
Kornprisane gjekk samla sett ned med 0,1 prosent i april. Det var mellom anna store variasjonar mellom dei ulike kornslaga. Kveiteprisen gjekk til dømes ned med 6,2 prosent, medan prisen på bygg auka med 6,6 prosent. Det var mindre dramatiske endringar i prisane på mais (ned 2,3 prosent) og ris (opp 1,5 prosent).
I fjor vart mykje kveite brukt til dyrefôr, men i 2012 vert det venta at andre kornslag som mais og bygg vil brukast til dyrefôr. Ifølgje FAOs marknadsutsikt mai 2012 over produksjonen i sesongen 2012/2013, ser det ut til at kveiteproduksjonen vil minke noko, men at også etterspurnad og internasjonal handel med kveite vil reduserast, slik at prisen truleg vil halde seg stabil eller fallande dersom ikkje noko uventa skjer. FAO ventar at produksjonen av fôrkorn som mais og bygg på den andre sida ikkje vil klare å halde tritt med den globale etterspurnaden. Dette kan føre til reduserte kornlager i løpet av sesongen. Det er likevel mindre etterspurnad etter mais til produksjon av biodiesel enn tidlegare år.

Prisane på alle råvarer innan kategorien oljefrø, oljer og proteinråvarer auka i april. Prisen på peanøtter gjekk mest opp (16,8 prosent), medan prisen på soyabønner og soyabønnemjøl gjekk opp med høvesvis 6,7 prosent og 6,8 prosent. Tørken i Sør-Amerika har redusert soyabønneavlingane betydeleg, og FAO ventar ein nedgang i soyaproduksjonen i 2012 med heile 10 prosent. Dette verkar også inn for prisen på soyabønnemjøl, som ikkje har nokon gode substituttar. Prisen på soyabønner har auka med heile 19,9 prosent sidan januar i år, og reflekterer såleis forventningane om mangel i marknaden. Prisen på soyabønnemel har auka med 26,8 prosent sidan januar i år.
Prisen på oljer som soyaolje, palmeolje og olivenolje har auka med høvesvis 3,0 prosent, 4,7 prosent og 0,8 prosent medan det ikkje har vore endringar i prisen på solsikkeolje. Sukkerprisindeksen gjekk ned med 4,2 prosent i april. Det har vore ein ekspansjon i arealet via til sukker på grunn av høge prisar dei to siste åra. Berre i EU gjekk sukkerprisindeksen litt opp (1,2 prosent).

Animalske råvarer
Prisen på kjøtråvarer gjekk samla sett ned med 3,3 prosent i april 2012, til tross for ein auke i vektige fôrråvarer. Prisen på lam fall med heile 6,9 prosent. Prisen på storfekjøt og svinekjøt fall også med høvesvis 1,1 og 5,7 prosent, medan prisen på fjørfekjøt auka med 0,5 prosent.
Mindre sjukdom og høgare produksjon av svinekjøt i bl.a. Kina, Japan, Russland og Korea medverkar til å dempe prisene på svinekjøt. Høge, forholdsvis stabile prisar på storfekjøt har også fått fleire til å kjøpe svin, noko som har fått svineproduksjonen til å auke. Produksjonen av kyllingkjøt vert prega av høye fôrkostnader samt fugleinfluensa og avgrensa produksjon i fleire asiatiske land.

Gjødselpriser
Verdsbanken har månadlege internasjonale snittpriser for ulike gjødselslag. I figur 4 visast prisutviklinga for fosfatsten, diammoniumsfosfat, urea og kaliumklorid frå juni 2005 og frem til i dag.
Samla sett gjekk gjødselprisane i april opp med 3,7 prosent. For urea var prisendringa betydeleg (opp 20 prosent). For både fosfatsten og kaliumklorid gjekk prisen ned med 2,3 prosent. Prisen på diamminumsfosfat auka på sin side (3,1 prosent).

Den norske krona styrka seg i forhold til amerikanske dollar i februar. Dette førde til at prisindeksen for internasjonale matråvarer gjekk ned rekna i norske kroner (1,2 prosent). Samanhengen mellom IMFs prisindeks i USD, i NOK og valutakursen kjem fram i figur 5.

Prisindeksane frå IMF er basert på prisutvikling på handelsvarer (import og eksport), og ikkje pris til forbruker. IMF korrigerer priser bakover i tid.
Aktuelle linkar:
- Aukande usikkerheit omkring internasjonale prisar på jordbruksråvarer. NILF notat 2009-13
- IMFs oversikt over råvarepriser
- FAO nettside «World Food Situation» med artiklar om matvaresituasjonen i verda
- Globalt marked med nasjonale særpreg. Utredning om konkurransen i de nordiske mineralgjødselmarkedene. NILF rapport 2010-1
For meir detaljerte opplysningar, kontakt Ellen Henrikke Aalerud
Publisert 14.05.2012
