Du er nå inne på tidligere NILFs nettsted som er en del av www.nibio.no. 1. juli 2015 ble Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) opprettet som en fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Framleis råvareprisfall på kornvarer i april

Tips en venn Skriv ut

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 0,8 prosent i april. Prisane fortsett å falle særleg for kornvarer.

IMF sin matprisindeks er sett saman av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga for varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, appelsinar og bananar.
 

11.05.2015

MATRÅVARER
Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 22,8 prosent ifølgje IMF. Med unntak av bananar, har alle råvaregrupper opplevd prisfall. Figur 1 viser endringar dei siste 12 månadane for ulike varegrupper.

Figur 1. Prisutviklinga på internasjonale matråvarer frå april 2014 til april 2015. Kjelde: IMF (2015)

Kornvarer
Prisindeksen for kornvarer fall med 2,3 prosent på verdsmarknaden i april. Det var prisen på kveite som fall mest med 3,2 prosent. Vidare fall prisen på ris med 2,1 prosent, medan prisen på bygg og mais fall med 2,1 prosent og 1,2 prosent.

Dei siste 12 månadane har prisane på kornvarer samla gått ned med 24,4 prosent. Dette er ikkje overraskande ettersom  førre kornsesongen var prega av tørke med påfølgjande høge prisar på alle kornvarer. Om ein ser på dei enkelte kornvarene, har prisen på kveite gått ned med 31,3 prosent, mais med 22,6 prosent, bygg med 19,8 prosent og ris med 4,3 prosent (sjå figur 2).

Figur 2. Prisutviklinga på internasjonale kornvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. april  2015. Kjelde: IMF (2015)

Vegetabilske oljer/protein
I april fall prisindeksen på vegetabilske oljer/protein med 1,6 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for palmeolje, der prisen fall med 2,6 prosent. Prisen på soyabønner og rapsolje fal med 0,7 prosent og 0,2 prosent, medan prisen på olivenolje auka med 1,6 prosent.

Dei siste 12 månadane har prisindeksen for vegetabilske oljer/protein gått ned med 27,2 prosent. Årsaka er ein prisnedgang for soyabønner med 34,8 prosent, palmeolje med 28,3 prosent og rapsolje med 26,4 prosent. Prisen på olivenolje har auka med 27,8 prosent i same periode (sjå figur 3).

Figur 3. Prisutviklinga på internasjonale vegetabilske råvarer og matråvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. april 2015. Kjelde: IMF (2015)

Animalske råvarer
I april auka prisindeksen på kjøt med 1,5 prosent. Sterkast prisauke blei registrert for storfekjøt, der prisen auka med 3,2 prosent. Vidare fall prisen på svinekjøt og lammekjøt med 1,2 prosent og 0,6 prosent, medan prisen på kyllingkjøt auka med 0,5 prosent.

Frå april 2014 til april 2015 fall prisen på kjøt med 11,2 prosent. Storfekjøt har hatt ein prisauke på 12,1 prosent, og kylling ein prisauke på 7,1 prosent. Dei høge prisane på storfekjøt i haust /vinter skuldast mellom anna redusert eksport frå Australia til Asia, kombinert med høg etterspurnad  frå  i Asia. Prisen på lammekjøt og svinekjøt har gått ned med 12,9 prosent og 49,3 prosent i same periode. Sidan 2005 er det lammekjøt som har hatt klart svakast prisutvikling (sjå figur 4).
 

Figur 4. Prisutviklinga på internasjonale animalske råvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. april 2015. Kjelde: IMF (2015)

Andre matråvarer
I april auka prisen på sukker med 0,4 prosent. Dei siste 12 månadane har prisen på sukker gått ned med 25,0 prosent. Prisen på amerikansk sukker (sjå figur 5) vart uendra den siste månaden. Frå april i fjor har prisen på amerikansk sukker gått ned med 1,1 prosent.

Prisen på laks fall med 0,5 prosent i april. Samanlikna med april 2014 låg lakseprisane om lag 32,3 prosent lågare i april 2015.

I april fall prisen på appelsinar med 3,3 prosent. Samanlikna med april i fjor, har prisen gått ned med 27,7 prosent. Prisen på bananar auka med 1,3 prosent i april, og prisen har auka med 12,0 prosent det siste året.

Figur 5. Prisutviklinga på internasjonale «andre matråvarer» f.o.m. juli 2005 t.o.m. april 2015. Kjelde: IMF (2015)

GJØDSELPRISAR
Gjødsel er ein viktig innsatsfaktor i produksjonen av dei fleste landbruksprodukt, særleg kornvarer og oljefrø. Verdsbanken har månadlege, internasjonale gjennomsnittsprisar for ulike gjødselslag. Figur 6 viser prisutviklinga for fosfatstein, diammoniumsfosfat (DAP), urea og kaliumklorid. Frå mars til april fall prisen på DAP og urea med 3,1 prosent og 4,4 prosent. Prisen på kaliumklorid auka med 0,7 prosent, medan prisen på fosfatstein vart uendra.

Dei siste 12 månadane har prisen på fosfatstein og kaliumklorid auka med 6,5 prosent og 7,0 prosent. Prisen på urea og DAP gjekk ned med 11,0 prosent og 1,4 prosent i same periode.
 

Figur 6. Utviklinga i internasjonale gjødselprisar f.o.m. juli 2005 t.o.m. april 2015. Kjelde: Verdsbanken (2015)

VALUTA
Tal og figurar som er viste ovanfor, er baserte på indeksar utrekna i amerikanske dollar. Figur 7 viser at det er særleg dei siste månadane den norske krona har svekt seg mot den amerikanske dollaren.
 

Figur 7. Valutakurs og prisutvikling på internasjonale matråvarer i norske kroner og USD f.o.m. juli 2005 t.o.m. april 2015. Kjelde: IMF og Noregs Bank (2015)

 

Prisindeksane frå IMF er baserte på prisutvikling på handelsvarer (import og eksport) og ikkje pris til forbrukar. Korrigeringar i prisar bakover i tid kan førekoma.


Aktuelle lenker:

Les meir om matprisar

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Mads Svennerud
 

NILF i media