Du er nå inne på tidligere NILFs nettsted som er en del av www.nibio.no. 1. juli 2015 ble Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) opprettet som en fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Framleis råvareprisfall på verdsmarknaden

Tips en venn Skriv ut

Prisindeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) fall med 2,5 prosent i mars. Nedgangen gjeld  dei fleste råvaregruppene.

IMF sin matprisindeks er sett saman av eit vekta gjennomsnitt av prisutviklinga for varegruppene kornvarer, sukker, vegetabilske oljer/protein, kjøt, sjømat, appelsinar og bananar. 
 

10.04.2015

MATRÅVARER
Dei siste 12 månadane har prisane på matråvarer på verdsmarknaden gått ned med 21,3 prosent ifølgje IMF. Med unntak av bananar, har alle råvaregrupper opplevd prisfall. Figur 1 viser endringar dei siste 12 månadane for ulike varegrupper.
 

Figur 1. Prisutviklinga på internasjonale matråvarer frå mars 2014 til mars 2015. Kjelde: IMF (2015)


Kornvarer
Prisindeksen for kornvarer fall med 1,3 prosent på verdsmarknaden i mars. Det var prisen på kveite som fall mest med 2,7 prosent. Vidare fall prisen på ris med 2,1 prosent, medan prisen på bygg og mais auka med 3,1 prosent og 0,3 prosent.

Dei siste 12 månadane har prisane på kornvarer samla gått ned med 22,9 prosent. Dette er ikkje overraskande ettersom  førre kornsesongen var prega av tørke med påfølgjande høge prisar på alle kornvarer. Om ein ser på dei enkelte kornvarene, har prisen på bygg gått ned med 17,5 prosent, mais 21,6 prosent, kveite 28,7 prosent og ris 7,7 prosent (sjå figur 2).
 
Figur 2. Prisutviklinga på internasjonale kornvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. mars  2015. Kjelde: IMF (2015)


Vegetabilske oljer/protein
I mars fall prisindeksen på vegetabilske oljer/protein med 2,2 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for palmeolje, der prisen fall med 4,2 prosent. Prisen på olivenolje fall med 3,4 prosent, medan prisen på soyabønner og rapsolje fall med  1,4 prosent og 0,5 prosent.

Dei siste 12 månadane har prisindeksen for vegetabilske oljer/protein gått ned med 24,7 prosent. Årsaka er ein prisnedgang for mellom anna  soyabønner med 31,1 prosent, palmeolje med 29,4 prosent og rapsolje med 26,7 prosent. Prisen på olivenolje har auka med 26,2 prosent i same periode (sjå figur 3).
 

Figur 3. Prisutviklinga på internasjonale vegetabilske råvarer og matråvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. mars 2015. Kjelde: IMF (2015)


Animalske råvarer

I mars fall prisindeksen på kjøt med 0,6 prosent. Sterkast prisfall blei registrert for lammekjøtt, der prisen fall med 5,8 prosent. Vidare fall prisen på storfekjøt og svinekjøt med 1,0 prosent og 0,2 prosent, medan prisen på kyllingkjøt auka med 0,4 prosent.

Frå mars 2014 til mars 2015 har prisen på kjøt falle med 11,4 prosent. Storfekjøt har hatt ein prisauke på 5,1 prosent, og kylling ein prisauke på 8,6 prosent. Dei høge prisane på storfekjøt i aust  i vinter skuldast mellom anna redusert eksport frå Australia til Asia, kombinert med høg etterspurnad i Asia. Prisen på lammekjøt og svinekjøt har gått ned med 9,7 prosent og 45,5 prosent. Sidan 2005 er det lammekjøt som har hatt klart svakast prisutvikling (sjå figur 4).

Figur 4. Prisutviklinga på internasjonale animalske råvarer f.o.m. juli 2005 t.o.m. mars 2015. Kjelde: IMF (2015)

 

Andre matråvarer
I mars gjekk prisen på sukker ned med 9,3 prosent. Dei siste 12 månadane har prisen på sukker gått ned med 23,9 prosent. Prisen på amerikansk sukker (sjå figur 5) fall med 0,9 prosent den siste månaden. Frå mars i fjor har prisen på amerikansk sukker auka med 6,0 prosent.

Prisen på laks fall med 7,9 prosent i mars. Samanlikna med mars 2014 låg lakseprisane om lag 30,8 prosent lågare i mars 2015.

I mars fall prisen på appelsinar med 10,1 prosent. Samanlikna med mars i fjor, har prisen gått ned med 21,6 prosent. Prisen på bananar auka med 8,2 prosent i mars, og prisen har auka med 8,2 prosent det siste året. 
 

Figur 5. Prisutviklinga på internasjonale «andre matråvarer» f.o.m. juli 2005 t.o.m. mars 2015. Kjelde: IMF (2015)



GJØDSELPRISAR
Gjødsel er ein viktig innsatsfaktor i produksjonen av dei fleste landbruksprodukt, særleg kornvarer og oljefrø. Verdsbanken har månadlege, internasjonale gjennomsnittsprisar for ulike gjødselslag. Figur 6 viser prisutviklinga for fosfatstein, diammoniumsfosfat (DAP), urea og kaliumklorid.

Frå februar til mars fall prisen DAP og urea med 1,3 prosent og 8,8 prosent, medan prisen på fosfatstein og kaliumklorid vart uendra.

Dei siste 12 månadane har prisen på kaliumklorid og urea gått ned med 1,5 prosent og 14,2 prosent. Prisen på DAP gjekk ned med 4,1 prosent, medan prisen på fosfatstein auka med 6,5 prosent i same periode. 
 
Figur 6. Utviklinga i internasjonale gjødselprisar f.o.m. juli 2005 t.o.m. mars 2015. Kjelde: Verdsbanken (2015)



VALUTA
Tal og figurar som er viste ovanfor, er baserte på indeksar utrekna i amerikanske dollar. Figur 7 viser at det er særleg dei siste månadane den norske krona har svekka seg mot den amerikanske dollaren.
 

Figur 7. Valutakurs og prisutvikling på internasjonale matråvarer i norske kroner og USD f.o.m. juli 2005 t.o.m. mars 2015. Kjelde: IMF og Noregs Bank (2015)

 

Prisindeksane frå IMF er baserte på prisutvikling på handelsvarer (import og eksport) og ikkje pris til forbrukar. Korrigeringar i prisar bakover i tid kan førekoma.


Aktuelle linkar:
• Aukande usikkerheit omkring internasjonale prisar på jordbruksråvarer. NILF notat 2009-13 
 IMFs oversikt over råvarepriser
• Globalt marked med nasjonale særpreg. Utredning om konkurransen i de nordiske mineralgjødselmarkedene. NILF rapport 2010-1


Les og meir om matprisar.

For meir detaljerte opplysningar, kontakt Stine Evensen Sørbye eller Mads Svennerud


 

 

NILF i media