Du er nå inne på tidligere NILFs nettsted som er en del av www.nibio.no. 1. juli 2015 ble Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) opprettet som en fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Volum- og prisindeksar

Tips en venn Skriv ut

 

For visse føremål er det av interesse å vite korleis prisar (og tilskot) har utvikla seg over tid, uavhengig av endringar i mengdene av produserte varer/tenester eller bruken av innsatsfaktorar. I tillegg til at utviklinga i prisar (og tilskot) for varer/tenester eller grupper av varer/tenester kan vera av interesse, kan det også vera av interesse å vite korleis endringar i prisar (og tilskot) isolert sett har påverka resultatmåla for økonomien i jordbrukssektoren. Slik volumfast utvikling kan visast i prisindeksar.

Tilsvarande kan det vera av interesse å vite korleis produserte mengder og bruk av innsatsfaktorar har utvikla seg og den isolerte verknaden på resultatmåla av endringane i mengder. Altså korleis resultatmåla ville ha utvikla seg dersom det ikkje hadde vore endringar i prisar (og tilskot). Volumindeksar visar slik prisfast utvikling.

Budsjettnemnda for jordbruket reknar ut indeksseriar for volum- og prisutviklinga i jordbruket på grunnlag av jordbrukets totalrekneskap og totalbudsjett (Totalkalkylen).