Livsviktig kunnskap om landbruk og mat
 
Tips en venn
Din e-post:
Ditt navn:
Mottakers e-post:
Lukk

Prisindeks for maskiner og reiskapar i jordbruket

Tips en venn Skriv ut

Foto: Stock.xchng

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking utarbeidar prisindeksar for gruppene: Traktorar, skurtreskarar og andre maskiner og reiskapar, samt ein totalindeks. Prisindeksen er basert på prisoppgåver frå forhandlarane. Indeksane kjem fram av tabellen nedanfor. Indeksane for eit år gjeld frå 1.7 året før til 30.6 i berekningsåret. Til samanlikning er konsumprisindeksen (KPI) tatt med. KPI uttrykker den generelle prisveksten i samfunnet. KPI gjeld i kalenderåret og er dermed ikkje direkte samanliknbar med prisindeksen for maskiner for det enkelte året, men er det sett over tid.

Tabell 1. Prisindeks for maskiner og reiskap og konsumprisindeksen (KPI). 1975 = 100
  Traktorar Skurtreskarar
Andre maskiner
og reiskapar
Totalindeks KPI
1993 265,1 291,6 334,7 302,3 337,8
1994 269,1 296,9 348,1 312,5 342,5
1995 276,2 309,5 360,9 323,0 350,9
1996 283,1 311,8 375,6 334,0 355,3
1997 279,1 309,8 389,6 339,4 364,5
1998 283,0 311,4 395,7 344,4 372,7
1999 276,0 294,0 390,8 338,2 381,4
2000 273,7 296,4 389,9 336,9 393,3
2001 273,8 301,3 395,9 340,4 405,1
2002 273,0 304,8 404,1 344,3 410,4
2003 269,7 307,0 407,9 344,0 420,5
2004 280,4 327,3 434,0 362,4 422,4
2005 283,8 345,5 460,6 376,9 429,1
2006 290,1 347,2 465,3 382,6 438,8
2007 296,1 358,7 496,5 400,1 442,1
2008 306,5 369,8 513,5 413,9 458,9
2009 343,9 395,2 566,2 459,3 468,6
2010 342,0 404,9 555,8 453,6 480,2
2011 346,8 411,8 555,4 456,2 486,1
2012 352,3 419,9 570,9 466,4 337,8

 

Berekna prisendring
For traktorar er det for 2012 rekna med ein gjennomsnittleg prisauke på 1,6 prosent. Det vert gjeve rabattar på dei oppgitte prisene, men det var ikkje rekna med endring i rabattene frå 2011 til 2012.

Forholdsvis lav prisvekst siste år, som i betydeleg grad også gjeld meir generelt for maskiner, må sjåast på bakgrunn av ein gjennomgåande sterk krone samanlikna med valutaene i dei viktigaste landa det vert importert i frå. Dette gjeld særleg EU-landa.

For skurtreskarar er det berekna ein prisauke som i snitt ligg på 2,0 prosent. Salet av skurtreskarar skjer i større grad sesongvis enn for traktorar. Prisane vert dermed i stor grad fastsatt på eit bestemt tidspunkt og i mindre grad påverka av valutaendringar enn for traktorar.

For gruppa andre maskiner, er det i snitt rekna med ein prisauke på 2,8 prosent. Andre maskiner er ein heterogen gruppe av forskjellige maskiner, både importerte og norskproduserte hvor prisendringane viser betydeleg variasjon. Kursutviklinga og ei sterk krone over lengre tid har mykje og seie også for importerte maskiner i denne gruppa.

Totalt er det for maskiner og reiskapar rekna med ein prisauke på 2,2 prosent. Til samanlikning kan nemnast at det i Budsjettnemnda for jordbruket sin prognose for 2012, vart lagt til grunn ein prisauke på 2,3 prosent.

Prisendringane for dei enkelte grupper av maskiner har i dei seinare åra vore følgjande:

Tabell 2. Prisendringar maskiner og reiskapar. Prosent

Gruppe 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012
Traktorar -1,2 4,0 1,2 2,2 2,1 3,5 12,2 -0,6 1,4 1,6
Skurtreskarar 0,7 6,6 5,6 0,5 3,3 3,1 6,9 2,4 1,7 2,0
Andre maskiner og reiskapar 0,7 6,6 5,6 0,5 3,3 3,1 6,9 2,4 -0,1 2,8
Totalt -0,1 5,3 4,0 1,5 4,6 3,4 11,0 -1,2 0,6 2,2